Working Model of the Child Interview, Bergen

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 04.04.18 - 07.06.18, 0900 - 1500

Om arrangementet

Working Model of the Child Interview  - WMCI  (Zeanah, Benoit, Hirshberg, Barton & Regan, 1994) er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine tankar og kjensler for barnet sitt, også kalla indre representasjonar, og korleis dette påverkar samspelet.

Intervjuet tek omtrent 1 time å gjennomføre og passar best for foreldre til førskulebarn, men kan også brukast i svangerskapet og for barn opp til puberteten. WMCI klassifiserer foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent).  Intervjuet vert teke opp på video eller som audioopptak.  

Kursholder: Psykologspesialist og høgskulelektor  Arnold Goksøyr

Målgruppe: tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 16 stk

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Tid: 4. og 5. april 2018 og 07. juni 2018 kl. 09.00 - 15.00

Stad:  RKBU Vest, Nygårdsgaten 114

Deltakeravgift: Ingen. Lunsj er ikkje inkludert

Meld deg på her innan 16. mars 2018

 

Kurset er på 2 + 1 dag som ikkje er samanhengande.
Dag 1: Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
Dag 2: Gjennomgang av skåringssystemet. Trening i å skåre.

Dag 3: Trening i å skåre og endeleg klassifisering. Tolking av intervjuet til klinisk bruk. 

Deltakerane vert oppmoda til å gjennomføre øvingsintervju før tredje kursdag og gjerne ta det med for gjennomgang. Ein må ha samtykkje til å bruke opptaket som del i egen opplæring.

På førehand får deltakarane tilsendt litt litteratur og ein kort presentasjonsfilm, og etter samlingane får ein små filmar som forklarer gjennomføring av intervjuet og skåring. På første kursdag får ein intervjuet i norsk omsetting og norsk manual.

Kontakt

cp: 2018-02-23 02:15:27