Kurs i Parenting Stress Index (PSI)

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 02.04.19 - 02.04.19, 0900 - 1500

Om arrangementet

Kurs i Parenting Stress Index (Short form)

Kurset går gjennom det teoretiske grunnlaget for Parenting Stress Index-Short Form, oppbygginga av instrumentet, skåringa og tolking av resultatet. Kursdeltakarane får prøve å fylle ut eit skjema og trene på å skåre og tolke.

Tid: 2. april 2019, kl 9-15

Sted: RKBU Vest sine undervisningslokaler i Nygårdsgaten 114

Målgruppe: BUP, barnevernsteneste og andre som jobbar med endringsarbeid i familiar.

Kursleiar: Psykologspesialist og Høgskulelektor Arnold Goksøyr

Lunsj er ikkje inkludert men kan kjøpast i kantine. 

Kurset er gratis

MELD DEG PÅ

Forsking finn at høgt stressnivå hos foreldre fører til redusert sensitivitet i samspelet med barnet, dårlegare evne hos foreldra til refleksjon og empati med barnet, og ein meir kontrollerande og fiendtleg foreldreåtferd (Abidin, 1990; Hayes, 2013; Luyten, 2012). Ekstremt høgt foreldrestress har samanheng med vald og barnemishandling.             

Parenting Stress Index (PSI) er eit spørjeskjema som forelderen fyller ut. Det har 120 spørsmål som skal svarast på ein skala 1 – 5, men det er ei forkorta utgåve – Parenting Stress Index - Short form (PSI-SF) kurset tek for seg.
PSI-SF har 36 spørsmål og passar dermed godt i klinisk arbeid der ein har meir avgrensa tid. Skjemaet kan fyllast ut på 10 – 15 minutt og resultatet kjem ut som ei totalskåre og tre faktorar: foreldrestress (på grunn av eigne vanskar og bekymringar),  foreldre-barn dysfunksjonelt samspel, og vanskeleg barn som er stress hos forelderen på grunn av bekymringar for barnet sin veremåte og utvikling. I tillegg er det ein skala for defensivt svarmønster hos forelderen. PSI er godt normert i USA og vart omsett til norsk av professor John Rønning ved UiT. Det er brukt i fleire undersøkingar i Noreg og vert rekna som eit påliteleg instrument (Kornør & Martinussen, 2011).

Deltakarar som kjøper seg ein lisens frå leverandøren (www.parinc.com) får den norske omsettinga og eit enkelt skåringsprogram gratis frå kursleiar.     

 

Kontakt

cp: 2019-02-21 17:16:02