Working Model of the Child Interview - BERGEN

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 04.02.20 - 17.03.20, 0900 - 1500

Om arrangementet

Kurs i Working Model of the Child Interview (WMCI) - Bergen

WMCI er eit semistrukturert intervju til å kartlegge foreldre sine indre arbeidsmodellar (IAM), og korleis desse påverkar samspelet med barnet. Intervjuet er utvikla av Charles Zeanah & al. (1994) og er basert på tilknyting- og kommunikasjonsteori. Det er publisert minst 26 vitskaplege artiklar om WMCI i internasjonale tidsskrift og fleire norske og nordiske masteroppgåver.  

Intervjuet tek omtrent 1 time å gjennomføre og passar best for foreldre til førskulebarn, men det finns tilpassa versjonar for bruk i svangerskapet, for fosterbarn og for adoptivbarn. I klinisk arbeid kan det brukast for barn opp til puberteten. WMCI har i alt 16 skalaer og gir ei overordna klassifisering av foreldre sine representasjonar som balansert (trygg), uengasjert (unngåande) eller fortegnet (ambivalent). I klinisk arbeid kan WMCI med fordel kombinerast med Crowell-prosedyren eller tilsvarande for observasjon av samspelet mellom forelderen og barnet.

Kurset er på 2 + 1 dag som ikkje er samanhengande.

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 20 stk.

Påmelding:  25. januar 2020 

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor Arnold Goksøyr

Tid:
4. februar 2020 kl 9-15
5. februar 2020 kl 9 - 15 
17. mars 2020 kl 9 - 15 

Stad:  RKBU Vest, Nygårdsgaten 114, Bergen

Arrangør:  RKBU Vest - NORCE

MELD DEG PÅ

Dag 1: Teoretisk grunnlag, oppbygging av intervjuet og praktisk øving på gjennomføring.
Dag 2: Gjennomgang av skåringssystemet og trening i å skåre.
Dag 3: Trening i å skåre og endeleg klassifisering av IAM. Tolking av intervjuet med tanke på behandling, rådgjeving og/eller støttetiltak.   

Deltakerane vert oppmoda til å øve seg saman med ein kollega på gjennomføring av intervjuet  før 3. kursdag.

Deltakarane får intervjuet i norsk omsetting, norsk manual, instruksjonsvideoar for skåring og  aktuell litteratur i løpet av kurset. For å få kursbevis må ein delta på alle tre dagane. Kurset er opplæring i klinisk bruk av WMCI. Det gir ikkje sertifisering til bruk i forsking.   

Kontakt

cp: 2019-09-15 07:16:55