Kurs i Crowell-prosedyren

Kurs av: Uni Research Helse / RKBU Vest - Regionalt kunnskapssenter for barn og unge fra: 05.11.19 - 07.01.20, 0900 - 1500

Om arrangementet

Kurs i Crowell-prosedyren -  observasjonsmetode av foreldre-barn samspel

Observasjon av samspelet mellom foreldre og barn er ein viktig del av ei heilskapleg utgreiing når barnet har emosjonelle-, åtferds- eller utviklingsvanskar og/eller når det er problem i relasjonen til forelderen(e). Crowell-prosedyren er ein strukturert observasjonsmetode på ca. 30 minutt og har frileik, opprydding, blåse såpebobler saman og så skal barnet løyse fire oppgåver i stigande vanskegrad. Styrken ved metoden er at forelderen og barnet vert observert i både lite utfordrande situasjonar (frileik og såpebobler), og i situasjonar med meir stress (opprydding og vanskelege oppgåver) som stiller større krav til korleis forelderen gir hjelp og sttøtte til barnet legg til rette for eit utviklingsfremjande samspel. Metoden passar best for barn i alderen 1 – 5 år, men med noko tilpassing kan den brukast på eldre barn.  Ein treng eit eigna leikerom, utstyr for videoopptak og ein del standardiserte (men vanlege) leiker. Metoden er utvikla av Crowell & Feldman (1988) og er ei av de mest brukte metodane for samspelsobservasjon i Noreg.

Målgruppe: 

Målgruppe: Tilsette spesialisthelsetenesta, barnevernet, Bufetat og andre som arbeider med behandling eller hjelpetiltak for familiar.

Tal plassar: 25 stk.

Forelesar: Psykologspesialist og høgskulelektor Arnold Goksøyr

Tid:                                                                                                                                                                                      5. november 2019, kl. 9-15
7. januar 2020, kl. 9-15                  

Påmelding:  20. oktober

Stad:  RKBU Vest, Nygårdsgaten 114, Bergen

MELD DEG PÅ

Kontakt

cp: 2019-11-13 08:17:43