Artistar med erfaring frå musikkterapi entrer pop- og rockscenen

Fredag 27.02. blir det «splitt-konsert» med Gatens Evangelium og Soul Party på Garage i Bergen. Båe bandene har røter i musikkterapi, og er i ferd med å etablere seg på den profesjonelle musikkscena.

Soul Party (http://www.soundcloud.com/soul-party) er ein del av musikkterapitilbodet på Bjørgvin DPS og består av gitarist, vokalist og låtskrivar Francis McAuley, Preben Samuelsen på trommer og musikkterapeut Øystein Lydvo på bass. Bandet spelar indie pop, inspirert av soul, funk og jazz.

Gatens Evangelium (https://nb-no.facebook.com/GatensEvangelium) starta opp som eit musikkterapitilbod i kriminalomsorga, men står no på eigne bein. Bandet består av  låtskrivar og vokalist Morten Sommerbakk, Sigurd Ekenes på el-gitar, Bjarte Stien på el-gitar og keyboard, Geir Akse på trommer og musikkterapeut Lasse Tuastad på bass. Bandet spelar rock and roll på bergensk.

Dørene opnar kl 22.

Kilde: garage.no/event/details/gatens-evangelium-soul-party/  

Gatens Evangelium
Gå ikke glipp av Gatens Evangelium sin magiske musikkverden. Fredag 27. februar spiller de og Soul Party på Garage.

 


23. februar 2015 16:41

Personer involvert