Legevaktlegar og utrykking i nødsituasjonar

Kva ligg bak legevaktlegen si avgjerd om å rykke ut til ein nødsituasjon?


Av Hanne Fosheim, Rune Rolvsjord og Vivian Midtbø

I ein nyleg publisert artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening har forfattarane studert kva som ligg bak legevaktlegars avgjerd om å rykke ut til ein nødsituasjon etter alarm frå AMK.

Over ein tidsperiode blei det gjort strukturerte intervju med legevaktlegar som i løpet av vakta hadde motteke alarm om raud respons frå AMK Bergen. Legane rykte ut i to av tre akuttsituasjonar der dei blei varsla. Pasienten sin tilstand var den viktigaste årsaka til at legevaktlegen valgte å rykke ut, i situasjonar der legen ikkje rykka ut var praktiske forhold knytta til vakta viktigaste begrunning for ikkje å rykke ut.

Referanse: H-M Brennvall, H Hauken, S Hunskår, T Wisborg, E Zakariassen. Legevaktlegers avgjørelse om utrykning i akuttsituasjoner. Tidsskr Nor Legeforen 2015; 135:654 – 7. doi: 10.4045/tidsskr.14.0394.

Les artikkelen her

 


24. april 2015 12:35