Brystsmerter på legevakt

Fangar legevaktlegane opp dei viktigaste symptoma på hjartesjukdom?


Av Rune Rolvsjord og Vivian Midtbø

Lege og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Robert Anders Burman, disputerer 12. juni for doktorgraden ved Universitetet i Bergen med temaet "Brystsmerter på legevakt".

Burman er intervjuva i Dagens Medisin ifbm den siste studia i doktorgraden sin, "Chest pain out-of-hours – an interview study of primary care physicians’ diagnostic approach, tolerance of risk and attitudes to hospital admission", der legevaktlegar er intervjua vedrørande korleis dei diagnostiserer pasientar med brystsmerter på legevakt.

Til Dagens Medisin seier Burman at nesten alle legane var flinke til å fange opp dei viktigaste teikna på hjartesjukdom: sjukehistoie og positiv EKG, men at dei ikkje var like samstemde når det gjeld andre diagnostiske metodar. Les heile intervjuet i Dagens Medisin her.

Referanse: Hanger MR. Dagens Medisin 19.05.2015

Foto: Tone Morken


21. mai 2015 12:27

Personer involvert