Disputas ved Nklm!

Fredag 12. juni disputerte Robert Anders Burman (Nklm) for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen, Institutt for global helse og samfunnsmedisin


Av Vivian Midtbø og Marie Louise Ljones

Burman disputerte med avhandlinga "Chest pain out-of-hours. Prospective studies on diagnostics and management in out-of-hours emergency primary health care"

Avhandlinga utgår frå prosjektet “Brystsmerter ved legevakt”, som skal gje ei forståing og klinisk beskriving av symptomet ”brystsmerte” på legevakt, med særleg fokus på diagnostisering og legens handtering av pasientar med brystsmerter.» Les meir om prosjektet her: http://uni.no/nb/uni-helse/nasjonalt-kompetansesenter-for-legevaktmedisin/brystsmerter-pa-legevakt/

Professor Steinar Hunskår har vore hovudrettleiar og Erik Zakariassen bi rettleiar.

Komite:

  • 1. opponent: Professor Mette Brekke, Universitetet i Oslo
  • 2. opponent: Professor Arnulf Langhammer, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  • 3. medlem av komiteen: Professor emeritus John Gunnar Mæland, Universitetet i Bergen

Disputasen blei leia av Førsteamanuensis Øystein Hetlevik


12. juni 2015 08:00

Personer involvert