Større sannsyn for sjølvrapportert matintoleranse blant tidlegare Giardia-sjuke

Meir enn 3 av 5  av dei som hadde hatt akutt Giardia-sjukdom i 2004 rapporterte om at visse typar mat og/eller drikke kunne gi dei mageplager tre år seinare.


Av Rune Rolvsjord

Hausten 2004 vart Svartediket, drikkevasskjelde for store delar av bebuarane i Bergen sentrum, forureina av parasitten Giardia lamblia. Minst 2500 personar i Bergen vart sjuke med akutt tarminfeksjon. Konsekvensane av dette har vore undersøkt i fleire studiar. Foto: Knut-Arne Wenaas

Tilsvarande rapporterte under halvparten av dei undersøkte personane som ikkje hadde akutt Giardia-sjukdom i 2004 om matintoleranse. Det var altså større sannsyn for sjølvrapportert matintoleranse tre år seinare blant Giardia-sjuke enn blant dei som ikkje var Giardia-sjuke i 2004.

Studiedeltakarane rapporterte mange forskjellige typar mat/drikke dei opplevde at kunne gi mageplager. Den hyppigaste nemnde kategorien var mjølkeprodukt.

FODMAP-dietten har vore mykje omtala dei seinare åra. FODMAP er en samlebetegnelse på tungtfordøyelige karbohydrat.

Mat med høgt FODMAP innhald var hyppig rapportert å kunne gi mageplager i begge undersøkte grupper, og mest i Giardia-gruppa. Det same var tilfelle for mat med lågt FODMAP innhald. 

- Vi kan ikkje ut frå vår studie komme med spesifikke diett-råd, men slå fast at Giardia-infeksjon ser ut til å vere ein risikofaktor for å utvikle opplevd matintoleranse, seier Sverre Litleskare, forskar ved Allmennmedisinsk forskningsenhet, Uni Research Helse og hovedforfattar av studien.

Kilde

Litleskare S, Wensaas KA, Eide GE, Hanevik K, Kahrs GE, Langeland N, Rortveit G. BMC Gastroenterol. 2015;15:164. doi: 10.1186/s12876-015-0393-0.


15. desember 2015 14:10

cp: 2019-11-12 21:16:32