Sjuke foreldre treng ein fastlege som kjenner familien og ser deira behov

Alvorleg sjukdom eller rusbruk hjå foreldre, kan påverke korleis ein klarer fylle foreldrerolla.

Foreldre med alvorleg sjukdom ynskjer bli møtt som kompetente foreldre, på same tid som dei utrykkjer behov for råd og støtte i høve oppfølging av barna. Illustrasjonsbilde: colourbox.com

Ny forsking frå Allmennmedisinsk forskningsenhet og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge viser at desse foreldra har behov for råd og støtte, på same tid som dei treng forståing for at dei er ansvarsbevisste foreldre.

Frøydis Gullbrå og kolleger intervjua 12 foreldre med alvorleg fysisk sjukdom, rusmisbruk eller psykisk sjukdom om korleis sjukdom påverka kvardagen i familien, og om eventuelle hjelpebehov for å ivareta barna.

I intervjua kjem det fram at dei sjuke foreldra ser at sjukdommen deira kan påverke kvardagen til ungane, men dei prøver skape ein vanleg kvardag.

Dei ynskjer at fastlegen snakkar med dei om heimesituasjonen og barna deira.

Dei ynskjer bli møtt som kompetente foreldre, på same tid som dei utrykkjer behov for råd og støtte i høve oppfølging av barna.

Dei ynskjer råd om korleis snakke med barna om helseplagene, og dei treng informasjon om støtteordningar. Dei har også behov for at hjelparar rundt dei samarbeider og snakkar saman. 

Det er viktig å anerkjenne at desse foreldra gjer ein stor innsats for at ungane skal ha ein vanleg kvardag, konluderer forskerne. 

Med denne forståinga, kan fastlegen få større tillit og det kan opne opp for samtale om foreldra sine eventuelle bekymringar og hjelpebehov.

Frøydis Gullbrå
Frøydis Gullbrå er forskar ved Allmennmedisinsk forskningsenhet der ho forskar på fastlegen i møte med barn som pårørende. I tillegg er ho fastlege og kommuneoverlege i Modalen.

Kilde

Gullbra F, Smith-Sivertsen T, Rortveit G, Anderssen N, Hafting M. Ill and substance-abusing parents: how can the general practitioner help their children? A qualitative study. BMC Fam Pract. 2016; 17: 154.


14. november 2016 08:25

cp: 2019-09-22 13:15:23