Ungdom med rusbrukande eller sjuke foreldre vil gjerne bli sett av fastlegen sin

Ungdom som veks opp med rusbrukande eller kronisk sjuke foreldre har ofte ein tøff kvardag. Å bli sett og forstått av fastlegen kan vere til stor hjelp.

 

I eit samarbeidsprosjekt mellom Allmennmedisinsk forskningsenhet og Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (begge Uni Research Helse) har det kome enno ei publisering siste månad. I denne studien er det også samarbeidd med Forskningsenheden for Almen Praksis, Københavns Universitet.

Frøydis Gullbrå og medarbeidarar har intervjua totalt 15 ungdommar i alderen 16-25 år, med kronisk sjuke eller rusmisbrukande foreldre. Dei fortel at det er viktig for dei å bli møtt som vanlege ungdomar, men og at dei har vanskelege dagar og ekstra byrder som følgje av foreldra sine lidingar. Kvardagen blir uforutsigbar og utrygg. Dei opplever også ofte eigne helseplager.

Ungdommane er sjeldan innom fastlegen, og då helst når dei har hovudverk eller vondt i musklar og ledd. For at tema om den vanskelege kvardagen skal kome på banen, må legen ta det opp. Ungdommane har ofte vanskar med å ta opp dette tema i samtale med legen, samstundes som dei uttrykkjer behov for informasjon og støtte.

Fastlegen kan hjelpe ved å ta seg tid til å utforske og anerkjenne desse ungdommane sin vanskelege livssituasjon, på same tid som dei tek ungdommane sine plager på alvor. Ved å informere om foreldre sin situasjon etter samtykke frå sjuk forelder, og ved å samarbeide med ungdommen og andre om hjelpetiltak, kan fastlegen vere til god hjelp.

Referanse:

Gullbrå F, Smith-Sivertsen T, Graungaard AH, Rortveit G, Hafting M. How can the general practitioner support adolescent children of ill or substance-abusing parents? A qualitative study among adolescents. Scandinavian Journal of Primary Health Care. 2016: (epub ahead of print).

Lenke

 

 


5. desember 2016 09:22