Nettkurs i akuttmedisin for legevaktpersonell er no klart!

Nklm har laga kurset på oppdrag frå Helsedirektoratet og er gratis å bruke


Av Vivian Midtbø

Kurset er beregna på legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell, og er meint som eit forkurs før deltaking på det obligatoriske, praktiske akuttmedisinkurset for legevaktpersonell. Helsedirektoratet jobbar med tilrettelegging for registrering av kursdeltaking, slik at gjennomført kurs kan dokumenterast med kursbevis.

Nettkurset består av åtte modular og inneheld grunnleggande akuttmedisinteori tilpassa legevakt. Det tek omlag sju undervisningstimar å gjennomføre kurset, inkludert kursprøve. 

Kurset ligg lett tilgjengeleg på framsida til Nklm si nettside.

Førebels fungerer kurset best på PC og Mac. Bruk helst Google Chrome eller Mozilla firefox.

Klikk her for meir informasjon og lenker til dei forskjellege kursmodulane.


6. september 2016 12:57