Legevaktprisen 2017

Kommuneoverlege i Kvam Herad, Arne O. Aksnes, mottok årets legevaktpris under Den nasjonale legevaktkonferansen som i år vart arrangert i Bergen, 28.- 30. november. Foto: Eivind Damsgaard

Arne blei tildelt prisen på bakgrunn av sitt store og årelange engasjement for akuttmedisin og legevaktarbeid. Han blei fremma som kandidat for prisen av sjukepleiarane ved Kvam legevakt v/Kari S. Nygård og seniorrådgjevar ved KoKom, Kristine Dreyer.

Arne Aksnes er spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin og har sidan 1989 vore kommunelege i Kvam Herad. I tillegg til å vere ein stor ressurs lokalt, har han og vore involvert i ei rekke prosjekt og verv i regi av Helsedirektoratet, Fylkeslegen og Nasjonalt kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap (KoKom).

I 1998 tok Arne initiativ til å utarbeide ei handbok for turnuslegar, i samarbeid med KoKom. Resultatet vart «Håndbok, kommunikasjon og samhandling i akuttmedisinske situasjoner», som i 2017 kjem ut i ny og revidert 5. utgåve, Arne har deltatt i samtlege revisjonar.

Arne har alltid vurdert sjukepleiarar ved legevakta og i legevaktsentralen som viktige samarbeidspartnarar, og har vore opptatt av kompetanseløft og fagutvikling også for denne gruppa, i tillegg til for legane. Han har deltatt i Kokom sitt arbeid med utarbeiding av plan for fagutvikling og vedlikehald av kompetanse for personell ved legevaktsentralar. Arne har og deltatt i arbeidet med å utarbeide den nasjonale legevaktuniformen, samt uniformerte legebilar.

Sjukepleiarane ved Kvam legevakt beskriv Arne som ein positiv, engasjert og støttande leiar, både fagleg og organisatorisk. Arne har og vore ein inspirator for sjukepleiarane ved legevakta til å delta i arbeidet med organisering og vidareutvikling.  

Nklm gratulerer Arne Aksnes så mykje med ein velfortent legevaktpris!

Bilete av Arne O. Aksenes saman med leiar av Norsk Legevaktforum, Silje Longva Todnem. Fotograf: Kari S. Nygård.

Biletet på framsida er teke av Eivind Damsgaard. 


11. oktober 2017 16:01

cp: 2017-10-19 09:17:01