Legevaktsentralen: Kva er minimumsbemanning?

Trass i nye krav i Akuttmedisinforskriften om at telefonar i legevakt skal bli svarte på innan to minutt, er det fleire døme på at det kan ta meir enn ein time før legevaktsentralen tek telefonen.

Nklm har no utvikla eit verktøy for å finne ut kor mange telefonoperatørar i som er naudsynt for å kunne handsame trafikken i legevaktsentralen (LVS).

I ein fersk artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening blir modellen brukt til å vise at ei kraftig innskjerping av svartidskrava i LVS berre vil gi ein liten auke i behov for ekstra bemanning. Artikkelen syner at LVS ikkje bør dekkje ein folkesetnad på mindre enn 30.000 innbyggjarar.

Ved å leggje inn folketal, reiseavstand, gjennomsnittleg samtaletid og krav til svartid, kan ein no enkelt få ein rapport om trafikken i eigen legevaktsentral (LVS). Rapporten inneheld mykje informasjon som kan vere nyttig i planlegging av bemanning i LVS: Ein får prognosar på forventa pågang av ulike hastegrader gjennom døgeret, kva for servicenivå ein vil oppnå ved ulik bemanning, gjennomsnittleg ventetid på telefon, del innringingar utan ventetid, kor stod del av tida operatørane brukar på aktiv samtale med innringarar. Dette kan brukast til å finne ut kor mange operatørar i LVS som er naudsynt for å innfri forskriftsfesta krav til svartid.

Trong for LVS-operatører etter folketal

Modellen er basert på trafikkdata frå Nklm sitt Vakttårnprosjekt, og på Erlang-formlar. Dette er matematiske metodar som blir brukt for telefonsentralar til å rekne ut kva for servicenivå ein kan oppnå med ei viss bemanning, og kor sannsynleg det er at innringaren vil havne i telefonkø.

Forskarar ved Nklm presenterte nyleg modellen i ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening. Her blir modellen nytta saman med data frå Nasjonalt legevaktregister til å rekne ut kor mange operatørar i LVS som er naudsynt på dag og natt for å innfri krava i Akuttmedisinforskriften. Desse krava er ikkje spesielt strenge (LVS skal svare på 80% av telefonane innan 2 minutt), og i artikkelen kjem det fram at ei kraftig innskjerping berre vil gi eit moderat auka behov for fleire operatørar.

I artikkelen tok forfattarane utgangspunkt i at ein LVS i gjennomsnitt har meir enn 10 førespurnader i løpet av ei nattevakt for at den kan forsvarast fagleg og økonomisk. Basert på Nasjonalt legevaktregister og noverande svartidskrav, syner modellen at ein må opp i ein folkesetnad på over 30.000 for å oppnå dette.

Modellen har nokre viktige avgrensingar: Den gjeld berre ordinære laurdagar og søndagar. I samband med feriar og høgtider kan behovet være eit anna. Det er ikkje tatt høgde for lokale høve som større bemanningsbehov på grunn av stor del personar som ikkje er folkeregistrert i nedslagsfeltet (studentar og turistar). Ein viktig føresetnad er at operatørane skal kunne svare på telefonen utan opphald, og dersom sjukepleiarane i LVS har andre arbeidsoppgåver, vil behovet vere høgare.

Prøv ut modellen her: http://modell.raknesresearch.net

Kilde:
Raknes G, Morken T, Hunskår S. Legevaktsentralar – bemanning og folketal. Tidsskr Nor Legeforen 2017.
DOI: 10.4045/tidsskr.17.0176


20. desember 2017 13:08

cp: 2018-10-23 22:16:56