Fastlegane jobbar i snitt 55,6 timar i veka

"Dette viser det fastleger har fortalt oss" seier helse-og omsorgsminister Bent Høye om resultata frå kartlegginga av fastelegars tidsbruk.

Tysdag 6. mars vart rapporten om fastlegars tidsbruk presentert og overrekt til helse-og omsorgsminister Bent Høye. Undersøkinga er gjennomført av Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, på oppdrag frå Helsedirektoratet. Tilstades under presentasjonen var og representantar frå KS, Legeforeningen og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.

Ulike oppgåver, som kurativ fastlegepraksis, allmennlegeoppgåver i kommunen, legevakt og andre legeoppgåver - og på nokre utvalde pasientgrupper i løpet av ei samanhengande veke, var kartlagt i undersøkinga. Elektroniske registreringsskjema vart sendt ut til alle landets fastlegar i januar 2018. Av 4716 legar svarte 1954 legar (41 prosent).

Resultat:

Fastlegane arbeider i snitt 55,6 timar i veka, men variasjonen er stor. 10 % av legane oppgir at dei arbeider meir enn 75 timer i veka og 25 % oppgir at dei arbeider meir enn 62 timar i veka.

67 % av arbeistida er med pasientar tilstades på kontoret.

Når det gjeld dei utvalde pasientgruppene det vart spurd om utgjer kronisk sjuke gjennomsnittleg 15 %, skrøpelege eldre 7 % og psykiske lidingar eller rus 8 % av totalarbeidstida. Aldersgruppa over 80 år utgjer 8 % og under 25 år utgjer 10 % av totale arbeidstida.

34 % av legane hadde legevakt i løpet av veka som vart registrert. Legevaktarbeid utgjer ein stor andel av totalarbeidstida hos desse, i snitt 19,5 timar i veka. Legar i små kommunar har høgst andel legevaktarbeid. Legevakt fører ikkje til reduksjon i anna fastlegearbeid.

Rapporten konkluderer blant anna med at den totale arbeidstida for dei fleste fastlegane er svært lang, og har auka mykje samanlikna med tidlegare undersøkingar, til tross for at gjennomsnittleg listestorleik er redusert.

Les heile rapporten her: Rebnord IK, Eikeland OJ, Hunskår S, Morken T. Fastlegers tidsbruk. Bergen: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse, 2018.

 

Under finn du lenker til uttalingar frå fleire av dei som var tilstades under presentasjonen av resultata:

Helse- og omsorgsminister Bent Høye: Dette viser det fastlegar har fortalt oss.

Ansvarleg for kartlegginga, Steinar Hunskår, seier ytterlegare kartlegging er naudsynt.

KS er kritiske til undersøkinga og meiner gjennomsnittstala for arbeidstid ikkje seier så mykje om den faktiske arbeidssituasjonen til den enkelte fastlege.

Leiar av Allmennlegeforeningen Tom Ole Øren krev umiddelbar handling og ei invistering i fastlegeordninga framover.

 

Sjå video av presentasjonen og overrekkinga av rapporten her.

 


8. mars 2018 09:27

cp: 2018-09-22 08:16:44