Fleire legevakter kan innføre fastlønn

Fastlønn kan gje legane meir rom for å fokusere på behandlinga av pasientane, utan å måtte tenkje på pengar. Temaet vert tatt opp i eit nyheitsoppslag i NRK.

Oslo vurderer å innføre fastlønn for legane ved den nye storbylegevakta. Helsebyråd i Oslo, Tone Tellevik Dahl (Ap) meiner det vil gje pasientane eit betre behandlingstilbod dersom legen ikkje må tenkje for mykje på kva takstar det enkelte arbeidet utløyser av inntekter.

Leiar ved Nklm, Jesper Blinkenberg, er og intervjua i forbindelse med saka og viser til at "legevakter som går over til fastlønn føler dei har betre muligheit til å prioritere dei oppgåvene som hastar mest, utan å tenkje på om det gir inntekter frå takstsystemet".

Kilde: nrk.no, 08.mai 2018.

 

Les heile nyheitssaka her

Fastlønn ved legevaktarbeid


8. mai 2018 21:18

cp: 2018-09-19 07:16:35