Giardia-infeksjon i 2004 - redusert livskvalitet ti år seinare

Ein ny studie syner at personar som i 2004 vart råka av Giardia-smitte har lågare livskvalitet ti år seinare samanlikna med ei kontrollgruppe som ikkje var smitta.

Mikroskopi av Giardia lamblia-parasitt (raud pil) i tynntarm.
(foto: Kurt Hanevik)

 

I 2004 vart drikkevatnet til store delar av Bergen sentrum forureina av parasitten Giardia lamblia. Dette utbrotet var eit av dei største i sitt slag i Europa, og kanskje så mange som 5000 personar var akutt sjuke med mageinfeksjon. Av desse fekk 1252 pasientar påvist Giardia-parasitten i avføringsprøvar. Tidlegare har ein funne at irritabel tarmsyndrom og kronisk utmatting var vanlegare hjå desse i opptil ti år, samanlikna med ei kontrollgruppe som ikkje var smitta.

Sverre Litleskare og medarbeidarar ved NORCE Resesearch og UiB har no undersøkt korleis Giardia-smitte i 2004 påverkar livskvaliteten ti år seinare.

Livskvaliteten til Giardia-smitta var noko lågare enn for kontrollgruppa. Tapet i livskvalitet var sterkt knytt til samtidig utvikling av plager sams med irritabel tarmsyndrom og spesielt kronisk utmatting. Dersom ein ikkje hadde nokon av desse plagene var det ikkje forskjell i livskvalitet mellom dei Giardia-smitta og dei friske kontrollane.

Referanse:
Litleskare S, Rortveit G, Eide GE, Emberland KE, Hanevik K, Langeland N, Wensaas, KA. Quality of life and its association with irritable bowel syndrome and fatigue ten years after giardiasis. Neurogastroenterol Motil. 2019 Feb;e13559.

Lenke: https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/30767352


26. mars 2019 12:47

Personer involvert

cp: 2019-10-17 12:17:47