Lyden av liv – en film om musikk og musikkterapi i eldreomsorgen

GAMUT - Griegakademiets senter for musikkterapiforsking [Uni Research Helse]

Teaser for filmen:

Lyden av liv from GAMUT on Vimeo.

Bestill dvd med filmen fra Gamut, Uni Research Helse

Dokumentarfilmen Lyden av liv viser korleis musikk og musikkterapi i eldreomsorga kan brukast i førebygging og behandling blant ulike grupper eldre, samstundes som filmen synleggjer verdien av eldre si musikkdeltaking i lokalsamfunnet. Gjennom filmen ser ein eksempel på kor mykje musikk, og spesielt musikk i sosiale samanhengar, kan bety for enkeltmenneske og deira kjensle av verdi og trivsel i kvardagen. Ein raud tråd i filmen er korleis musikk mogleggjer kommunikasjon og oppleving av meistring, også når sorg eller demens truar akkurat dette.

Lyden av liv utforskar musikkterapi frå eit brukarperspektiv, supplert med ei vitskapleg tilnærming til emnet. Filmen varer i ca. 25 minuttar og rettar seg mot studentar i musikkterapi og helsefag, helsefagleg personale, helsebyråkratar og pårørande.

Vi ønskjer at Lyden av liv skal nå ut til så mange som mogleg, og finansieringa frå GC Rieber Fondene har gjort det mogleg for oss å tilby eit gratis eksemplar til alle institusjonar.

Det er også mogleg for privatpersonar å kjøpa filmen, prisen er då kr 100,-.

 

cp: 2017-11-20 10:17:17