Akuttmedisin i Austevoll

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin) periode: 01.10.05 - 31.12.15

Prosjektresultater

Det vart registrert 236 akuttmedisinske hendingar. Dette tilsvarar 27 hendingar per 1 000 innbyggjarar per år.

  • 84 % av hendingane var akutt sjukdom, 16 % akutt skade.
  • Legen var første personellgruppe hos pasienten i 52 % av dei akuttmedisinske hendingane.
  • Legen si vurdering av situasjonsalvoret vart nedjustert frå meldingsmottaket til pasientundersøkinga hos 43 % av pasientane, medan oppjustering skjedde hos 11 %.
  • Ved dei AMK-sendte helseradioalarmane nedjusterte legen si vurdering av situasjonsalvoret frå meldingsmottak til pasientundersøking i 67 % av tilfella, medan ambulansepersonellet nedjusterte si vurdering i 85 % av tilfella.
  • I 63 % av tilfella var bustadhus første behandlingsstad.
  • Dei hyppigaste akuttmedisinske tiltaka var innlegging av venekanyle, luftvegstiltak inkludert O2-tilføring, EKG-taking og/eller monitorovervaking av hjarterytmen og gjeving av medikament parenteralt.

Om prosjektet

Kartleggingsundersøking gjort i Austevoll, ein øykommune utan fastlandssamband sør for Bergen.

Det var tidlegare ikkje gjort nokon systematisk undersøking i Noreg som omhandla behandlingar gjevne av primærhelsetenesta ved akuttmedisinske hendingar,og heller ikkje undersøkingar som dokumenterte praktiske omstende ved behandlinga, pasientflyttinga, dei første ledd av pasienttransporten og kommunikasjon.

På denne bakgrunn vart det gjort ei prospektiv kartleggingsundersøking i Austevoll - ein øykommune sør for Bergen utan fastlandssamband.

Legar og ambulansepersonell fylte ut registreringsskjema for kvar enkelt akuttmedisinske hending. Det vart stilt spørsmål innanfor områda pasientkarakteristika, hendingsstad, tidsbruk i ulike fasar av aksjonen, personell som har teke del i aksjonen og arbeidsfordelinga mellom dei, kliniske observasjonar, behandlingstiltak, alvorlighetsvurderingar ved meldingsmottak og ved undersøking, vurdering av fysiske forhold ved utrykking, behandling og transport og vurdering av kommunikasjonsforhold.

Kommunelege Sverre Rørtveit var prosjektleiar. Steinar Hunskår var rettleiar. Datainnsamlinga vart avslutta i 2007. Rørtveit var ph.d.-kandidat på prosjektet og det er skrive fire vitskaplege artiklar. Det er rekna med at doktoravhandling kan vere ferdig vinteren 2015/2016.

Publikasjoner

Artikler

Alle artikler

Personer

cp: 2019-12-04 11:15:35