Forslag til nasjonal handlingsplan for legevakt

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin) periode: 02.10.08 - 05.01.09

Prosjektresultater

  • Nklm tilrår at kommunal legevakt skal forankrast i ei eiga forskrift.
  • Landet bør organiserast i mellom 60 og 80 legevaktdistrikt, typisk med mellom 30 000 og 100 000 innbyggarar innan eit rimeleg areal.
  • Legevaktdistriktet skal ha godt utstyrt legevaktstasjon i eigne lokale med legar i tilstadevakt saman med anna helsepersonell.
  • Nklm kjem med forslag om krav til grunnkompetanse for legar og anna helsepersonell som arbeider i legevakt.
  • Det blir tilrådd eit felles nasjonalt telefonnummer for legevakt.
     

Om prosjektet

I oktober 2008 fekk Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin i oppdrag å innan 5. januar 2009 lage forslag til handlingsplan for utvikling av legevakttenestene i Norge.

Rapporten ”... er hjelpa nærmast! Forslag til Nasjonal handlingsplan for legevakt” vart levert innan fristen og i tråd med oppdraget inneheld planen følgjande element:

  1. Myndigheitskrav til og målsettingar for legevakttenesta.
  2. Situasjonen i dag – utfordringsbiletet.
  3. Forslag til tiltak (handlingsplan) for å bringe samsvar mellom 1 og 2.
  4. Økonomiske og administrative konsekvensar.

Kapittel 6 i rapporten heiter VISJON LEGEVAKT 2015. Dette er ein omtale av kva Nklm meiner legevakt skal vere, for kven og kva, og korleis ein kan gjere kommunal legevakt til ein profesjonell naudetat med høg kvalitet, spesifiserte oppgåver og likeverdige tenester over heile landet.

Kapittel 7 utgjer den eigentlege handlingsplanen, og består av ei lang rekke forslag om ulike former for myndigheitskrav og andre tiltak. Nklm tilrår at kommunal legevakt skal forankrast i ei eiga forskrift. Landet bør organiserast i mellom 60 og 80 legevaktdistrikt, typisk med mellom 30 000 og 100 000 innbyggarar innan eit rimeleg areal. Ordningar av ein slik storleik vil vere tilstrekkeleg store til å tilfredsstille foreslåtte forskriftskrav og moderne krav til medisinsk og organisatorisk kvalitet.

Legevaktdistriktet skal ha godt utstyrt legevaktstasjon i eigne lokale med legar i tilstadevakt saman med anna helsepersonell. Nklm kjem med forslag om krav til grunnkompetanse for legar og anna helsepersonell som arbeider i legevakt. Det blir tilrådd eit felles nasjonalt telefonnummer for legevakt. Planen inneheld også mange forslag om journalsystem, utstyr, elektronisk kommunikasjon med andre etatar, samt om satsing på forskings- og utviklingsarbeid. Samla kostnader for årleg drift av ei ny legevaktordning vert berekna til i underkant av 3,5 milliardar kroner.

Rapporten er ført i pennen av Steinar Hunskår, men alle tilsette ved Nklm har  deltatt i møter og diskusjonar og har levert innspel om spesifikke problemstillingar knytta til planen.

Publikasjoner

Rapporter

Alle rapporter

Personer

Forskningstema