Heimedød i Noreg

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin) periode: 01.06.14 - 31.05.17

Om prosjektet

Internasjonale undersøkingar viser at nesten 70 % av befolkninga, inkludert terminalt sjuke og eldre, ønsker å døy heime. Det fins ikkje norske undersøkingar. I underkant av 15 % av den norske befolkninga døyr heime, 32 % på sjukehus og 48 % på sjukeheim.

 

Vi vil gjennomføre ein populasjonsbasert retrospektiv registerstudie ved å undersøke alle dødsfall i Noreg i perioden 1.1.2012-31.12.2013, med eit spesielt fokus på dei som døydde heime. Vi vil sjå om sosiodemografiske data, opphald i institusjon, heimesjukepleie, fastlegetenester, diagnosar og medikament dei siste tre månadane før død kan føreseie dødsstad. Opplysningar frå sentrale helseregister vil bli anonymisert før utlevering og analyse, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast i vårt materiale.

 

Dette ph.d.-prosjektet er del av eit større prosjekt om heimedød i Noreg ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), og er eit samarbeid mellom SEFAS, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm), Uni Research Helse.

Prosjektet er et samarbeid med Senter for alders- og sykehjemsmedisin, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen.

Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, Uni Research Helse.

 

Prosjektleder: Camilla Kjellstadli Thoresen, ph.d.-kandidat

 

Andre personar som deltek: Bettina S. Husebø (SEFAS), Steinar Hunskår (Nklm og UiB),  Elisabeth Flo (SEFAS), Hogne Sandvik (Nklm).

cp: 2017-03-26 16:17:01