Sjukepleiarråd på legevakt - kva type kontaktar avsluttar sjukepleiar i legevaktsentral med telefonråd?

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin) periode: 01.08.14 - 27.10.17

Prosjektresultater

Upubliserte resultat ligg føre.

Om prosjektet

I dette prosjektet vil vi ved hjelp av data frå Vakttårnprosjektet undersøke kva kontakttypar, klassifisert ved hjelp av ICPC-2 kodar, som oftast vert avslutta med telefonråd av sjukepleiar i legevaktsentralen.

Vi vil undersøke kva ICPC-2 kapittel -og kodar som er hyppigast representert i gruppa kontaktar avslutta med sjukepleiarråd. I tillegg vil vi analysere korleis faktorar som alder, kjønn, tid på døgnet og hastegrad, kan påverke hyppigheita av kontaktar som er avslutta med sjukepleiarråd.

Studia er ei tverssnittstudie, og tek utgangspunkt i data frå heile 2014.

Prosjektet er finansiert av Nklm

Personer

Forskningstema

cp: 2017-10-19 09:15:49