Marinbiologisk kartlegging i vassområdet Nordfjord i 2013

Prosjekt Avdeling: Uni Research Miljø (gruppe: SAM-Marin - marinbiologi) periode: 26.08.13 - 06.08.14

Om prosjektet

Prosjektet er gjennomført på oppdrag av Gloppen kommune og finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og kommunar i vassområdet Nordfjord.

 

Føremålet med denne undersøkinga er ei marinbiologisk problemkartlegging i kystvassførekomstane og omfattar botndyr, sediment, oksygeninnhald i botnvatn, miljøgiftanalyser og strandsoneundersøking. Rapporten beskriv resultat frå ein vid undersøking som omfattar vassområdar i kommunane Gloppen, Eid, Selje og Vågsøy. Undersøkingane blei utført i medhald til vassforskrifta med rettleiarar og gjev grunnlag for miljøtilstanden ved dei undersøkte områdane. Resultat av undersøkingane har blitt samanlikna med tidligare undersøkingar der slike har vore gjennomført.

 

Uni Research Miljø sin rolle: Feltarbeid, prøvetaking, analysar og rapportering utført av Uni Research Miljø, SAM-Marin. Prosjektleiar Trond E. Isaksen (Uni Research Miljø, SAM-Marin).

Periode: 2013-2014