Langtidskomplikasjonar etter Giardia-utbrotet i Bergen i 2004

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: Allmennmedisinsk forskningsenhet) periode: fra 01.09.14

Prosjektresultater

  • Personar som i 2004 vart råka av smitte frå parasitten Giardia lamblia hadde tre å seinare større sjanse for å rapportere om opplevd matintoleranse enn personar frå Bergen som ikkje var smitta (kontrollgruppa).
  • Giardia-råka pasientar hadde høgare førekomst av irritabel tarmsyndrom og kronisk utmatting enn friske kontrollar heile ti år etter utbrotet.
  • Ytterlegare ein studie i dette prosjektet er undervegs, og sida vil bli oppdatert med resultat angåande livskvalitet hjå giardiasjuke og friske kontrollar ti år etter utbrotet.

Om prosjektet

Hausten 2004 vart ei av dei viktigaste kjeldene for drikkevatn til Bergen sentrum forureina med parasitten Giardia lamblia. Denne tragiske hendinga har vore grundig forska på i fleire år. Ein har tidlegare funne at personar som var smitta i 2004 hadde auka forekomst av tilstandar som irritabel tarmsyndrom og kronisk utmatting tre år seinare, samanlikna med personar som ikkje vart smitta.

Dette er Sverre Litleskare sitt ph.d.-prosjekt. Ph.d.-prosjektet vil gjennom tre delstudiar undersøkje fylgjande problemstillingar:

Er det samanheng mellom Giardia-smitte i 2004 og sjølvrapportert matintoleranse tre år seinare?

Vi gjorde ein retrospektiv kontrollert kohortstudie i 2007, der det vart sendt spørreskjema til 1252 Giardia-smitta pasientar og 2504 personar frå Bergen som ikkje var smitta (kontrollgruppa). Vi spurte mellom anna om deltakarane opplevde mageplager ved inntak av mat, og i tilfellet kva typar mat som gav plagene. Vi fann at Giardia-smitta pasientar hadde høgare førekomst av opplevd matintoleranse enn kontrollgruppa. Den hyppigast nemnde matkategorien var mjølkeprodukt, og denne var hyppigare rapportert hjå Giardia-smitta enn hjå kontrollgruppa. Ein artikkel er publisert.

Er det samanheng mellom Giardia-smitte i 2004 og førekomst av irritabel tarmsyndrom eller kronisk utmatting ti år seinare?

Dette var ein prospektiv kontrollert kohortstudie der dei nemnde 1252 Giardia-smitta pasientane og 2504 kontrollar fekk tilsendt spørreskjema tre, seks og ti år etter Giardia-utbrotet. Spørreskjemaet kartla mellom anna irritabel tarmsyndrom og kronisk utmatting ved alle tre tidspunkta, og såg på utviklinga over tid av desse to tilstandane i dei to studiegruppene. Giardia-råka pasientar hadde høgare førekomst av irritabel tarmsyndrom og kronisk utmatting heile ti år etter utbrotet. Førekomsten av irritabel tarrm var uendra frå seks- til ti-års oppfylgjinga, medan førekomsten av kronisk utmatting gjekk noko ned. Ein artikkel er publisert. 

Er det forskjell på livskvaliteten til personar som var smitta av Giardia i 2004 og kontrollgruppa deira ti år etter utbrotet?

Til ti-års oppfylgjinga av ovanfor nemnde grupper spurte ein også deltakarane om livskvalitet. Dette er også ein prospektiv kontrollert kohortstudie, og arbeidet med denne er pågåande.

Ph.d.-prosjektet er finansiert av Universitetet i Bergen, og har motteke støtte frå AFE, AFU, AMFF og Bergen Kommune.

Prosjektgruppa består av Sverre Litleskare er ph.d. student med Guri Rørtveit og Knut-Arne Wensaas som veiledere. Andre prosjektdeltakere er Nina Langeland og Kurt Hanevik (Klinisk institutt 2, Universitetet i Bergen), og Geir Egil Eide (Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Universitetet i Bergen).

 

Oppdatert: 13.12.18.

Publikasjoner

Artikler

Alle artikler
cp: 2019-10-15 01:45:52