Nettverket musikk og eldre

Prosjekt Avdeling: Uni Research Helse (gruppe: GAMUT - Griegakademiets senter for musikkterapiforsking) periode: 24.09.08 - 31.07.12

Om prosjektet

Nettverket musikk og eldre, et samarbeidsprosjekt for forsking og kunnskapsutvikling om musikk, musikkterapi og eldre drevet av GAMUT (Griegakademiets senter for musikkterapiforskning)

 

Hausten 2008 starta GAMUT/Unifob helse oppbygginga av eit nordisk nettverk for forsking og kunnskapsutvikling om musikk, musikkterapi og eldre.

Talet på eldre stig, og antal eldre med demens aukar. Samstundes ser vi eit auka fokus på det potensialet musikk kan ha i arbeid med menneske. Dette gjer at musikkterapi og eldreomsorg veks fram som eit særs viktig og aktuelt fagfelt. Men feltet er framleis lite og fragmentert, både med omsyn til praksis, forsking og teoriutvikling.

Med ”Nettverket musikk og eldre: Samarbeid for forsking og kunnskapsutvikling om musikk, musikkterapi og eldre” ønskjer GAMUT å samla eit fragmentert fagfelt og å byggja opp ei praksisnær forsking som aukar kompetansen og utviklar musikkterapitilbodet i eldreomsorga.

Viktige delmål for nettverket:

  • utvikling av musikkterapitilbodet
  • utvikling av nye forskingsprosjekt
  • styrking av formidlingsarbeidet

Deltakarar i nettverket vil vera musikkterapeutar og forskarar med spesiell kompetanse på musikk og eldre, samt andre fagpersonar og interesserte som ønskjer å vera med og utvikla fagfeltet. Desse kan t.d. vera helsepersonell, kulturarbeidarar, musikarar, brukarorganisasjonar, frivillige, administrasjon, politikarar og studentar. Vi planlegg å arrangera to nettverkssamlingar pr år.

Vi har i tillegg etablert to arbeidsgrupper: ei forskargruppe og ei profesjonsgruppe. Forskargruppa består av inviterte forskarar som er knytt til akademiske institusjonar, som har utvikla ein kompetanse på musikk og eldre, og som ønskjer å utvikla nye forskingsprosjekt. Profesjonsgruppa består av inviterte musikkterapeutar som er knytt til praksisinstitusjonar som allereie i dag har etablert ein musikkterapeutisk praksis, og som ønskjer å vera med i eit forskingssamarbeid.