ActivAge

Prosjekt Avdeling: Uni Research Rokkansenteret periode: 01.01.03 - 31.12.05

Om prosjektet

Overcoming the Barriers and Seizing the Opportunities for Active Ageing Policies in Europe (ActivAge) Dette EU prosjektet tar utgangspunkt i dei demografiske endringane med fleire eldre og færre yrkesaktive i framtida og dei utfordringane dette vil skape for dei europeiske samfunna i høve til arbeidsmarknaden, pensjonspolitikken og helseområdet. Aktiv aldring (Active Ageing) kan forståast som ein policy respons, ein måte å møte desse utfordringane på. Aktiv aldring blir definert som: "muligheitene for eldre menneske til å leve produktive liv i samfunnet og økonomien. Dette betyr at dei kan gjere fleksible val i måten dei brukar tida over livslaupet til arbeid, fritid, utdanning og (uløna) omsorgsarbeid", i følgje OECD. Aktiv aldringspolitikk medfører ei større vektlegging på den førebyggande dimensjonen ved velferdspolitikken i vid forstand, den retter seg i større grad mot etterspørselssida gjennom å prøve å dempe eller redusere behovet for den reint "lindrande" eller kompensatoriske delen av sosialpolitikken. Tre hovudutfordringar innafor dei tre felta kan identifiserast: For arbeidsmarknadsfeltet er utfordringa å sikre høg arbeidsmarknadstilknyting for menn og kvinner og for alle aldersgrupper. Pensjonsutfordringa ligg i å finne politisk levedyktige og finansielt bærekraftige løysingar på tidligpensjoneringssituasjonen. For helseområdet er utfordringa å levere adekvate og kostnadseffektive helsetenester for ei aldrande befolkning. Den overordna målsettinga til prosjektet er å identifisere og analysere dei institusjonelle, økonomiske og politiske realitetane som møter iverksettinga av aktiv aldringspolitikk i Europa. Tre analysedelar skal oppfylle den målsettinga: 1. Kartlegge og analysere det eksisterande aktive aldringspolitiske landskapet i Europa. 2. Identifisere og beskrive barrierar og moglegheiter for implementering av aktiv aldringspolitikk i Europa (analyse av politikkresponsar på ulike nivå, stat, bedrift, sivilt samfunn). 3. Klargjere og utforske virkemiddel for å overvinne hindringar og gripe moglegheiter. Metoden i prosjektet vil vere komparativ og fleirfaglig. Den vil kombinere ulike tilnærmingar som; tekstanalyse, ekspertintervju, statistisk analyse, deltakande observasjon og panel leia konsultasjon. Prosjektet er koordinert og blir leia av ICCR Interdisciplinary Centre for Comparative Research in the Social Sciences. Heimeside: http://www.iccr-international.org ved seniorforskar Steven Ney, Wien, Austerrike. Prosjektet vil gå over 3 år (2003-2005) og 10 land i Europa tar del: Austerrike, Finland, Tyskland, Storbritannia, Sveits, Polen, Noreg, Tsjekkia, Frankrike og Italia.

Publikasjoner

Rapporter

Alle rapporter